Følgende informasjon er tilgjengelig for Verdsarven Urnes:
Urnes kyrkje vart bygd på første halvdel av 1100-talet, og innvotert på UNESCO si verdsarvliste i 1979, som ei av dei eldste og best bevarte stavkyrkjene.
Urnes Kyrkje er bygd i første halvdel av 1100-talet, og kom med på UNESCO si verdsarvliste i 1979. Kyrkja er ei av dei eldste og best bevarte stavkyrkjene vi har. Den omfattande og vakre treskurden, samt den innvendige dekoren, gjør at kyrkja har ein særleg kulturhistorisk og arkitektonisk verdi. Det er funne spor etter eldre kyrkjer på staden, og ornamentikken kan dateres attende til 1050-1100. Det er difor sannsynleg at denne stammer frå ei eldre kyrkje. Kyrkja ligg idyllisk plassert på Ornes i Lustrafjorden. Fjordlandskapet og bygdene rundt, gir ei vakker ramme kring kyrkja, og kan fortelje mykje om samfunnet kyrkja vart bygd i. Det er vel verd å ta seg tid i området. På denne sida vil vi halde dykk oppdaterte om kva som skjer kring kyrkja, verdsarven, og i dei kringliggande bygdene. Følg livet kring verdsarven på: www.sorsida.no www.verdsarvdagane.com Les meir om Urnes og UNESCO her: www.stavechurch.com/urnes www.unesco.no www.unesco.com Kyrkja er open frå 2. mai til 30. september. --- Urnes Church is built in the first half of the 12th century, and was listed on UNESCOs Wold Heritage list in 1979. The church is one of the oldest and best preserved stave-churches. The beautiful wood carvings and the interior decor, gives it an exceptional value as architecture as well ad an object of cultural history. On the site, it has been discovered traces after previous churches, and the ornaments of the church can be dated back to 1050-1100 a.d. This implies that it originates from one of the older churches. The church is located on Ornes in the Lustrafjord. The Fjord-landscape and the villages surrounding the church, gives it a scenic frame, and tells us a lot about the society the church emerged from. It is well worth the while to take you time in the area. The church is open from May 2nd until September 30th.
Verdsarven Urnes finner du på følgende adresse:
Sjekk kartet for å se hvor du kan finne Verdsarven Urnes.
Følgende kategorier er beskrivende for Verdsarven Urnes:
Bruk følgende telefonnummer for å komme i kontakt med Verdsarven Urnes:
Sjekk følgende hjemmeside for Verdsarven Urnes:
Hva har skjedd hos Verdsarven Urnes i det siste? Her kan du finne relevante nyheter:
29 nye område er skriven inn på verdsarvlista!
I dag markerer vi 40 år på verdsarvlista, at Fortidsminneforeningen er 175 år, og at det er 200 år sidan nasjonalromantikken i kunsten fann si from i Munthehuset. På klyngjetunet på Ornes var det offisiell markering. Varaordførar og leiar i verdsarvrådet, Marit Aakre Tennø, ønskja velkomen. Så var det klart for avduking av verdsarvplakett ved Klima- og miljøminister Ola Elvestuen. Leiar av den Norske UNESCO- kommisjonen Tora Aasland, Riksantikvar Hanna Geiran og fylkesordførar Jenny Følling gav oss gode og tankevekkande helsingar. Mathilde Skjæret sat ei fin ramme for markeringa, med vakkert hardingfelespel. Etter markeringa, gav styreleiar i Fortidsminneforeninga Margrethe C. Stang. ein presentasjon av ny kunnskap om kyrkja. Takk til alle som har bidrege til markeringa på Ornes. Takk også til Urnes gard og Hjortefarm for utmerka mat og drikke!
Takk til Marit Bøen for den uvurderlege innsatsen for Urnes stavkyrkje dei siste 40 åra!
I dag har det vore ryddedag på Ornes, med påfølgende grillmat. Godt selskap i strålande vêr
Tanken på verdsarvsenter på Ornes vert stadig mindre abstrakt: I dag var ei gruppe på ti deltakarar frå lokalsamfunn og forvaltning, samla i Solvorn for å delta på ein worshop om tomteval og romprogram i regi av arkitektkontoret 4B. Senteret skal bli eit viktig nav i formidling og forvaltning av det historiske landskapet, verdsarven og verdsarvverdiane, for ei jamnare fordeling av fotavtrykk i området i eit langsiktig og ansvarleg perspektiv. Det skal også være eit positivt bidrag til lokalsamfunnet; ein møtestad og arena for aktivitet og skaparglede.
Me arbeider med å utarbeide ein buffersoneplan for Urnes stavkyrkje. Tysdag 14.05 var me samla i Gaupne for å finne verdsarven sine tilsluttande verdiar: ein utfordrande, givande og lang prosess. Urnes og området rundt sit på enorme materielle, immaterielle og landskapsmessige verdiar, og arbeidet er ei hard øving i avgrensingskunst. Møtet vart avslutta med å takke Melissa Rudi frå Fortidsminneforeninga for hennar innsats og bidrag til dette arbeidet, og verdsarvarbeidet generelt. Ho vil verte sakna, når ho no går vidare til nye utfordringar. Takk, og lukke til!
Stemningsrapport frå synfaring med riksantikvaren og fylkeskommunen. Me arbeider med forvaltningsplan og buffersoneplan, og dagens kontorplass slår det meste.
Gode nyhende! Urnes stavkykje har fått ny dagleg leiar: Velkomen til Ingebjørg!
På denne sida vil de få oppdateringar, og informasjon om den rike kulturarven i Luster, og om jubilea, arrangementa og markeringane som finn stad rundt Lustrafjorden i juni -
I prestegarden i Luster, hos Dagfinn Hovland, har me i dag vore samla for å planlegge dei mange jubilea, og hendingane, som finn stad i Luster sin rike kulturarv i juni. Her representert ved leiar i verdarvrådet Marit Aakre Tennø, og Per Jørgen Loen, frå stiftinga Munthehuset
Om ornamentikken i Urnes stavkyrkje: https://gemini.no/2019/03/hva-betyr-dyrene-i-stavkirkeornamentikken/
Generalsekretær i Fortidsminneforeningen, Ola Fjeldheim, informerer om arbeidet med å etablere verdsarvsenter på Ornes, i formannskapet i Luster kommune
Nye region Vestland vil romme heile tre verdsarvar, deriblant Urnes stavkyrkje og World Heritage Bryggen som er dei to første norske innskrivingane på verdsarvlista
I går var det møte om verdsarvarbeid i Kroken, der det vart diskuter kva utfordringar Verdsarvrådet bør ta tak i, og informert om kva prosessar som er i gang. Ved sidan av planlegging og etablering av verdsarvsenter på Ornes, og utarbeiding av buffersoneplan, er Verdsarvrådet er i gang med å utforme handlingsplan for verdsarven og dei tilhøyrande områda. Dei mange som møtte opp, gav gode innspel til denne. Det viktigaste vernet me har for verdsarven vår, er eit levande lokalsamfunn. Me takkar alle som kom for eit godt møte!
Her kan du finne bilder fra Verdsarven Urnes:
Sjekk også følgende Restauranter i nærheten:
Sjekk også følgende Hoteller i nærheten:
Sjekk også følgende Eiendomsmeglere i nærheten:
Sjekk også følgende Frisører i nærheten: